Jobless Developer
Denne Stranda logo
Denne StrandaYYC · S25

Posted 2 months ago

Open

Koordinator / administrativ medarbeidar

Stranda, NORemote

AI Summary

A part-time coordinator/administrative role at Visit Stranda and Stranda Booking, handling bookings, guest and partner contact, coordination, administrative tasks, and supporting events and projects in a dynamic, growth-oriented environment.

About this role

Visit Stranda og Stranda Booking søkjer no koordinator / administrativ medarbeidar.

Kven er vi?

Visit Stranda og Stranda Booking jobbar med å skape gode opplevingar for både besøkande og lokalbefolkning på Stranda.

Gjennom booking, arrangement, festivalar og ulike reiselivssatsingar jobbar vi med å utvikle aktivitet, opplevingar og møteplassar i området. Vi samarbeider med ulike aktørar og prosjekt, og ingen dagar er heilt like.

Vi er i vekst og har mange spennande prosjekt på gong – mellom anna innan reiseliv, arrangement, overnatting og festival. Hos oss får du vere tett på utviklinga og vere med å bygge noko vidare.

Teamet vårt består av folk med ulike bakgrunnar, kompetanse og erfaringar, og vi legg stor vekt på samarbeid, initiativ og eit godt arbeidsmiljø.

Om stillinga

Vi ser etter ein strukturert og serviceinnstilt person som kan bidra innan booking, koordinering og administrativ drift.

Du vil jobbe tett på både gjester, samarbeidspartnarar, arrangement og den daglege drifta. Arbeidskvardagen vil variere, og du får ei viktig rolle i å halde oversikt og sørgje for god flyt i ulike prosjekt og oppgåver.

Stillinga startar som tilkalling / deltid, men for den rette personen vil det vere gode moglegheiter for meir ansvar og ei større rolle over tid.

Arbeidsoppgåver
  • Oppfølging av booking og henvendingar

  • Kontakt med gjester og samarbeidspartnarar

  • Koordinering opp mot drift og arrangement

  • Administrative oppgåver og organisering

  • Bidra inn mot event, festivalar og prosjekt

  • Sørgje for struktur og god flyt i kvardagen

Kva kan du forvente hos oss?

Hos oss blir du ein del av eit variert og engasjert arbeidsmiljø med mykje aktivitet og korte vegar frå idé til gjennomføring.

Du får moglegheit til å vere med på spennande prosjekt innan reiseliv, arrangement og utvikling – og vere tett på både drift og vidare satsing.

Vi tilbyr:
  • Varierte arbeidsdagar

  • Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Moglegheit til å påverke og ta ansvar

  • Erfaring innan reiseliv, event og administrasjon

  • Gode moglegheiter for utvikling og meir ansvar over tid

Kven er du?

Du trivst med å ha oversikt, få ting gjort og ha mange ballar i lufta samtidig.

Vi ser etter deg som:
  • Er strukturert og sjølvstendig

  • Tek ansvar og initiativ

  • Er serviceinnstilt og løysingsorientert

  • Kommuniserer godt med andre

  • Jobbar godt når tempoet er høgt

  • Likar varierte arbeidsdagar

Erfaring frå administrasjon, booking, kundeservice eller arrangement er ein fordel, men ikkje eit krav.

Praktisk informasjon

Deltid, med moglegheit for utvida stilling over tid

Arbeidstid vil variere etter behov og prosjekt

Oppstart etter avtale / snarast mogleg

Har du spørsmål om stillinga?

Ta gjerne kontakt med Helge på 410 64 000

Søknad

Høyrest dette ut som noko for deg?

Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Send oss ein kort søknad og fortel litt om deg sjølv.

Skills

AdministrationBookingCommunicationCustomer ServiceEvent CoordinationNorskProject Coordination

Explore related jobs

Browse these categories