Jobless Developer
Ecura BPA logo

Posted 1 month ago

Open

Personleg assistent søkjast til dame i Førde (70-80 % stilling)

Førde, NORemote

AI Summary

Provides personal assistance and care to a woman with a developmental disability in Førde, Norway, supporting daily living activities such as hygiene, meal preparation, housekeeping, and physical exercise.

About this role

Vil du ha ein jobb der omsorg, tillit og menneskelege møte står i sentrum? Kanskje er dette stillinga du har vore på jakt etter?

Hva er BPA?

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisere tenester innan praktisk og personleg bistand for menneske med nedsett funksjonsevne. BPA er eit likestillings- og frigjeringsverktøy som, gjennom hjelp frå eigne assistentar, legg til rette for at personar med behov for bistand kan leve eit aktivt og så sjølvstendig liv som mogleg.

Om meg og mitt behov

Eg er ei 56år gammal dame som bur i Førde, og søkjer no etter ein trygg og omsorgsfull personleg assistent som kan bidra til at eg får ein god og føreseieleg kvardag.

Eg har ei utviklingshemmning og eit omfattande behov for assistense i dagleglivet. Som person er eg roleg, heimkjær og trivst best med faste rutinar i trygge omgjevnader. Difor er det viktig for meg å ha assistentar som er stabile, ansvarsfulle og som møter meg med respekt, tolemod og omsorg.

Vi har no ein ledig stilling på dagtid i 70-80 % stilling, med oppstart så snart som mogleg. Arbeidet inngår i turnusordning med arbeid kvar tredje helg.

Dette er ei meiningsfull stilling der du får moglegheita til å gjere ein viktig forskjell i kvardagen til eit anna menneske.

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • Personleg stell/dusj

  • Matlaging

  • Husarbeid

  • Handling

  • Bistå med fysisk aktivitet og trening

Personlege eigenskapar:

  • God omsorgsevne

  • Komfortabel med å ta ansvar

  • Trygg og påliteleg

  • Roleg av natur

Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt, og livserfaring er ein fordel. Dersom du er «godt vaksen», ser vi på dette som noko positivt.

Kvalifikasjonar:

  • Gode norskkunnskapar (nivå B2)

  • Gyldig politiattest

  • Erfaring som BPA er positivt, men vilje og ønskje om å lære er vel så viktig

  • Førarkort klasse B

Vi tilbyr:

  • Ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell

  • God opplæring og rettleiing

  • Oppfølging og støtte frå erfarne rådgjevarar i Ecura BPA

  • Pensjons- og forsikringsordningar

  • Lønn etter tariffavtale: Per i dag er minsteløna kr 225,40 (gjeld ved turnusarbeid, det vil seie arbeidstidsordning med gjennomsnittleg 35,5 timar per veke i 100 % stilling). For den utlyste stillinga gjeld ei gjennomsnittleg arbeidstid på 35,5 timar per veke i 100% stilling.



Ved å søkje på stillinga, samtykkjer du til at søknad og CV vert vidareformidla til arbeidsleiar i ordninga.

Aktuelle kandidatar vert intervjua fortløpande.

Skills

BPA (Brukarstyrt Personleg Assistanse)Førarkort Klasse BFysisk Aktivitet Og TreningHANDLINGHusarbeidMatlagingNorsk Nivå B2Personlig Stell Og DusjPolitiattest

Explore related jobs

Browse these categories

Market data for this role

All reports →