Jobless Developer
Denne Stranda logo
Denne StrandaYYC · S25

Posted 5 months ago

Open

Intersport Stranda søkjer butikkmedarbeidar

Stranda, NORemote

AI Summary

Intersport Stranda is hiring a part-time shop assistant to sell sportswear, shoes, and outdoor equipment. The role involves customer service, sales, and daily shop operations.

About this role

Vil du jobbe med å selje klede, sko og utstyr til sport, fritid og friluftsliv?

Intersport Stranda søkjer butikkmedarbeidar i fast stilling, med stillingsprosent frå 50-80 %. Endeleg stillingsprosent blir avklart i dialog med rett kandidat ved tilsetjing. Dette er ei variert rolle for deg som trivs med kundekontakt og ein aktiv arbeidsdag. Hjå oss jobbar du med både kundar, varer og drift – og du blir ein viktig del av kvardagen i butikken. Stillinga inneber arbeidstid innafor opningstidene og arbeid annakvar laurdag.

Arbeidsoppgåver

Kundeservice og sal

  • Yte aktiv og profesjonell kundeservice og vegleie kundar i val av sport-, fritids- og friluftsutstyr

  • Skape gode kundemøte og bidra til høg kundetilfredsheit

Butikkdrift

  • Samarbeide med teamet om dagleg drift og bidra til eit godt arbeidsmiljø

  • Varemottak, varepåfyll og vareplassering

  • Sikre at butikken til ei kvar tid er ryddig, oversiktleg og innbydande

  • Betening av kasse og handtering av betaling

  • Delta i gjennomføring av kampanjar, salstiltak og lokal marknadsføring

  • Moglegheit for å delta med vareinnkjøp/messearbeid



Vi søkjer deg som

  • Er over 18 år

  • Har interesser innafor sport, trening og friluftsliv

  • Kommuniserer godt munnleg på norsk

  • Er imøtekommande, serviceinnstilt og trivst med aktiv kundekontakt

  • Er påliteleg, løysingsorientert, tek ansvar og jobbar godt både sjølvstendig og i team

  • Vil vere ein aktiv og positiv bidragsytar i teamet

Vi tilbyr

  • 50-80 % fast stilling

  • Konkurransedyktig lønn og pensjonsordning med 4 % innskot

  • God personalkjøpsordning

  • Opplæring og støtte av kollegaer

  • Moglegheit for meir ansvar og utvikling

  • Godt arbeidsmiljø i eit lite team

Om Intersport Stranda

Intersport Stranda AS er ein mellomstor fullsortimentssportsbutikk med sterke merkevarer, høg fagkompetanse og eit lite, men dedikert team. Vi er opptekne av å ha god varekunnskap, personleg kundebehandling og ein ryddig og oversiktleg butikk – slik at kvar kunde finn produktet dei blir mest fornøgde med.

Høyrest dette interessant ut? Send søknad på e-post innan søndag 23. februar 2026. Oppstart etter avtale.

Du er velkomen til å ta kontakt eller komme innom i våre opningstider om du vil høyre meir om stillinga. Ordinære opningstider måndag-fredag 09-17, laurdag 09-15.

Ta kontakt med:
Arve Mogstad
Mail: arve.mogstad@intersport.no
Tlf.: 915 84 050

Skills

Customer ServiceInventory ManagementNorwegianPOsSales

Explore related jobs

Browse these categories